Spania framom stupet…
   
KRONIKK av
Johannes Nymark førsteamanuensis i spansk ved NHHA
Tidligere publisert: 05.aug. 2013 i www.bt.no

 
"Norge har olja, Spania har ingen ting". Denne og liknande utsegner er ikkje uvanlege i dagens kriseråka Spania og speglar pessimisme i ein grå kvardag.

Lyssky verksemd
Etter vel eit tiår med relativt høg økonomisk vekst gjekk spansk økonomi i 2008 inn i ein periode med økonomisk tilbakegang, som framleis varer ved. Krisa gjorde seg særleg gjeldande på eigedomsmarknaden. Her var det meir djuptgåande strukturelle årsaker som låg under. I ei økonomisk ramme med relativt høg inflasjon og prisauke på matvarer og drivstoff var krisa eit faktum i 2008.
 
på den spanske Middelhavskysten, og skatteetaten har vore merksam på at ein her har hatt å gjera med eit felt der skatteunndraging og kvitvasking av svarte pengar snarare er regelen enn unnataket. Då det høgreorienterte regjeringspartiet PP (Partido Popular) i lovs form opna opp for ei sterk liberalisering av eigedomsmarknaden i 1998, voks det fram byggjeprosjekt som paddehattar over store delar av Spania, og særskild i turistområda. Spanske og utanlandske forbrytargrupper investerte i spansk eigedom i eit omfang som ikkje kunne vera berekraftig. Finans- og bankkrisa som kom, gjorde sitt til at kreditt tørka ut,

 
og då arbeidsløysa tok til å stiga til formidable høgder, sat mange spanjolar att utan arbeid og utan bustad, sidan dei var ute av stand til å betale ned på gjeld.

«Alle politikarar er like»
Mange spør seg korfor den økonomiske krisa – med rundt seks millionar arbeidslause – ikkje har ført til meir sosialt opprør i Spania. Rett nok har Rørsla for dei indignerte gjort seg gjeldande med massemobiliseringar, og det same har statstilsette mot ulike framstøytar for privatisering. Men organiseringa på grunnplanet er ikkje følgt opp i tilstrekkeleg grad med ei koordinering som kan gje opprøret større slagkraft, noko mange ser på som ein arv etter ei anarkistrørsle som såg på all sentral organisering med største mistru.

«Alle politikarar er like», sa anarkistane alt på 1800-talet, og meinte med det at all makt korrumperer og at den mest velmeinande låt seg dupera når vedkommande kjem i sentral maktposisjon.

Mekka for smugling
Korrupsjonen, den andre store landeplaga i Spania i dag, har gjennomsyra politikk, næringsliv, bank og finansverksemd i lange tider. Innan politikken er det dei største partia – regjeringspartiet PP og sosialistpartiet PSOE – som dominerer. Nepotisme, svindel og valfusk var alt på 1800-talet kurant praksis då Det liberale partiet og Det konservative partiet fordelte ressursar, posisjonar og stemmer seg imellom. Den same røyndommen har vi vore vitne til dei seinaste to tiåra, då PP og PSOE til saman har kontrollert mellom 80 og 87 prosent av røystene ved landsdekkjande val. Marbella i Andalucía-regionen i sør-Spania er rekna for å vera eit reint mekka for korrupsjon, smugling og kvitvasking av pengar.

Involveringa av bank, finans og næringsliv har gjort korrupsjonen meir innfløkt og kompleks den seinaste tida. Stort sett er det politikarane som får svi og som må taka sin hatt og gå. Juan Guerra-saka rundt 1990 utløyste krise i det regjerande PSOE, då Juan Guerra, bror til visestatsministeren Alfonso Guerra, blei dømt for mellom anna muting, skattesnyting, tillitsbrot og misbruk av offentlege midlar. Ein sideeffekt her var at broren Alfonso trekte seg som visestatsminister.

Korrupsjon i stor stil
Den noverande korrupsjonsskandalen rundt regjeringspartiet er av litt andre og større dimensjonar enn dei vanlege korrupsjonssakene, i og med at han når så høgt opp – faktisk heilt til regjeringssjefen Mariano Rajoy – og greinar seg så vidt ut til ulike autonome regionar i Spania. Ifølgje klagemåla – og handfaste prov som er blitt publiserte i dei største spanske avisene – dreier det seg om ulovleg partifinansiering og tildeling av offentlege kontraktar som takk for